Nina Fjeldet: "Ômvesla"

Bilde
Event info

Mellombygdveien 105, 9321 Moen

Mellombygdveien 105
Moen

Åpne i google maps

Description

Velkommen til Moen Kulturlåve og forteljarkonserten «Ômvesla» med Nina Fjeldet!

Etter suksessen og verdenspremieren under Kalottspel i 2024, er vi stolte over å kunne invitere Nina Fjeldet tilbake til Målselv og til stemningsfulle Moen Kulturlåve, som er som skapt for nettopp denne intime og nære forestillinga.

«Ômvesla» er ein forteljarkonsert om å satse, om å reise og om å bli. Med fela som følgesvenn tek Nina Fjeldet publikum med på ei varm og gripande reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, med stopp undervegs i Palmehaven i Trondheim, den sterke historia frå konsentrasjonsleiren Auschwitz, og vidare langs landevegen med romanifolket.

Forteljinga er fylt med både fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, musikk og menneskemøte. Gjennom musikken og forteljingane blir vi minna på at midt i alt står menneska – og dei gjer så godt dei kan.

Nina Fjeldet har arbeidd med folkemusikk og folkedans i meir enn tjue år, dei siste ti åra med base nettopp her i Målselv. Ho er kjend som ein raus formidlar, både til barn, unge og vaksne, og har tidlegare turnert med dansekompaniet Kartellet, familieframsyninga «Danse, sa fela!», og Landslaget for spelemenn. «Ômvesla» er Ninas første eigne soloframsyning.

Tekst og musikk: Nina Fjeldet
Tekstleg rettleiing: Liv Gulbrandsen
Regi: Silje O. Hålien
Produsert av Riksscenen, støtta av Norsk Kulturråd.

Opplev denne varme, nære og stemningsfulle framsyninga på Moen Kulturlåve den 4. september 2025. Velkommen!

Tickets

  • Nina Fjeldet
    kr 300,00
  • Choose tickets and finish